Copy

Frukostseminar om styring av informasjonssikkerheit


 
Difi avsluttar sikkerheitsmånaden med å invitere til frukostseminar om styring av informasjonssikkerheit for offentlege tilsette i Difis lokale torsdag 31.10. kl. 08:00-11:00.

Du møter sikkerheitsdirektør Lars Eirik Berg frå årets Fidusprisvinner DNB og direktør for informasjonssikkerheit Tore Larsen Orderløkken i Posten Norge som deler erfaringar om god sikkerheitsleiing. Alexander Paulsen frå mnemonic fortel om kvifor og korleis ein skal handsame endringar. Seniorrådgjevar Gustav Birkeland frå Kunnskapsdepartementet avsluttar med å fortelje om korleis ein kan arbeide for betre styring av informasjonssikkerheita i ein heil samfunnssektor.

Program

Lenke til påmelding

Neste NIFS-møte er torsdag 21. november

Tema for NIFS-møtet er innebygd informasjonssikkerheit. Hald av datoen.

Cybersikkerheit på styrerommet 2019

Den norske dataforening arrangerer seminaret «Cybersikkerhet på styrerommet» for tredje år på rad. Seminaret er retta mot leiarar, styremedlemar og nøkkelpersonell i privat og offentleg sektor, og går føre seg i DNBs hovudkontor i Bjørvika i Oslo 6. november.

Der møter du mellom anna avdelingsdirektør Grete Orderud i Difi som fortel om at informasjonssikkerheit er eit leiaransvar. 

Strengt hemmeleg

"Strengt hemmelig – veien inn" tar oss med inn i ein digital underverden der alt kan seljast. Dette er eit høyrespel i podkastformat som er produsert av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) i forbindelse med den nasjonale sikkerheitsmånaden 2019. 
Kommande arrangement
31
OKT
Frukostseminar om styring av informasjonssikkerheit
Oslo
21
NOV
NIFS-møte - Innebygd informasjonssikkerheit
Oslo
Sjå alle Difis arrangement »
Flere nyhetsbrev fra Difi
Difis personvernerklæring
Ønsker du ikke å motta dette nyhetsbrevet? Meld deg av her.