Neste NIFS-møte skal handle om handsaming av uønskte hendingar.
Korleis kan vi oppdage uønskte hendingar så tidleg som mogleg og kva gjer vi i eiga verksemd når andre verksemder melder om alvorlege uønskte hendingar?
Ein innleiar frå Kristiansand kommune vil dele si erfaring med handsaming av ei uønskt hending. NSM orienterer om korleis vi kan arbeide utførleg med å oppdage sikkerheitstruande hendingar. Kartverket vil fortelje korleis dei minka risiko etter ei alvorleg uønskt hending.
Vi ønsker å få tilbakemeldingar på kva for praktiske utfordringar offentlege verksemder har på dette området.
Samarbeid for suksess
Måndag 11. mars var det oppstart på samarbeidsprosjektet som skal følgje opp dei prioriterte anbefalingane frå Difi-rapport 2018:4.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi), Direktoratet for økonomistyring (DFØ), Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) og Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM).
Besøk årets digitaliseringskonferanse!
På konferansen får du høyre digitaliseringsminister Nikolai Astrup presentere regjeringas nye digitale strategi og du møter toppleiarar som er ansvarlege for digitalisering i Noreg. Konferansen går over to dagar 11-12. juni.
Vi i seksjon for informasjonssikkerheit er ansvarlege for sesjon 5, sjå video.
Vi snakkar om kvifor tillit er lønnsamt, korleis forvaltninga arbeider med å sikre denne tilliten og kva for konsekvensar det kan ha for samfunnet om tilliten blir broten. Vi får også høyre frå ei verksemd som fekk framande aktørar inn i sitt system.